torsdag 9. februar 2012

Feil klokke? Rett opp tidssona

Gå i arkfana "Innstillinger" i det skjermbildet der du kan skrive nytt innlegg. Klikk vidare på neste arkfane "Formatering". Her vel du tidssone "(GMT+1:00) Oslo".

tirsdag 7. februar 2012

Publisering av innlegg

Ver merksame på at de må klikke på knappen "PUBLISER INNLEGG" nede til venstre under tekstboksen når de skriv innlegg. Viss ikkje vert den berre lagra som utkast. Det kan vere greitt medan du held på å jobbe med eit innlegg, men når du er ferdig, klikkar du altså på publiser. Innlegga vert forøvrig lagra automatisk medan du jobbar med teksten.

Obligatorisk, individuell oppgåve torsdag 09.02.2012

Dette er ei obligatorisk, individuell oppgåve - den vert ein del av vurderingsgrunnlaget i faget. Det vil dermed vere rom for å oppgåva etter torsdag 09.02, men då vil det verte ført fråver i IT-timane på denne dagen.

OPPGÅVE:
  • Les kapittel 7 i læreboka - "Lyd og video" side 199-221. Du skal ikkje løyse eksempla. Ta evt berre med stoff/poeng derifrå.
  • Skriv eit samandrag av innhaldet. Dette er noko du kan bruke som repetisjon til prøva 15. mars. Dei som vil, kan bruke illustrasjonar, eksempel m.m. for å "krydre" samandraget.
  • Publiser samandraget i eit blogginnlegg i skulebloggen din - merk innlegget (etikett) "Lyd og video".
  • Inviter kristinbakke@hotmail.com til å abonnere på bloggen din.
  • Sørg for at du har "Etiketter" som eitt av gadgets på sida di. Gå på "Utforming", oppe i høgre hjørne, klikk på "Legg til gadget" (sjå ill til venstre her), bla nedover og legg til "Etiketter". Plasser evt der du vil - men mest vanleg er oppe til høgre. Lagre før du går tilbake til bloggen.

Send ein epost/melding dersom du står fast eller noko er uklart.

Fyrste innlegg - "Kva er ein blogg?"

OPPGÅVER:
  1. Finn ein god definisjon på kva blogg er for noko.
  2. Kva ulike typar blogg skil ein mellom?
  3. Bloggane har ulike utformingar. Etter di meining - finn minst to gode og to dårlege eksempel på utforming av blogg. Ta utgangspunkt i brukarperspektivet - sjå på fargar på tekst, bakgrunn bildebruk m.m. Kopier og ta vare på lenkene.
Publiser oppgåvesvaret ditt på ein blogg.

Gå til blogger.com - opprett eigen blogg - tittel skal vere "IT2 - skuleblogg namnet ditt"